BARNEHAGANE I VAKSDAL KOMMUNE

(ActivBoard Touch med elektrisk heis)

"Vi har hatt ActivBoard Touch i eit halvt år. VI har hatt kurs med kurshaldar frå Scandec og har fått ein god start.

Kurset vart særs godt motteke hjå pedagogene i våre barnehagar. Kurshaldar klarte å få alle med og samstundes fange opp dei vidarekomne og gje dei litt ekstra. Det var eit godt pedagogisk opplegg. Nokre av deltakarane var i gang med utprøving allereie fyrste arbeidsdag etter kurs og sjølvtilliten steig når dei såg kor enkle grep som kunne gi store variasjonar i bruk av materialet. Enkelt å laga og enkelt å bruke.

Sidan vi har vald hev og senk-stativ til tavlene er det lett å få borna med. Det viktigaste for oss er at tavlene faktisk er i bruk og at dei ikkje står til pynt eller fungerar som filmframvisarar. Det har vi klart.

Vi skal no sjå på program vi kan kjøpe for å jobbe meir systematisk med ulike fagområder og gler oss til å lære meir."

Gunn E. Melgård Aase, einingsleiar barnehage, Vaksdal kommune

  

MOSMARKA BARNEHAGE, ØRSTA

(ActivBoard 500)

"Då vi valde Activ Board hadde vi ein tanke om å kunne gjere oss nytte av digital tavle både for barna og for dei vaksne her i Mosmarka barnehage. Altså måtte det følga med program som både fungerer for barn i leik og for vaksne i ulike arbeidssituasjonar.

Tavla gjev store moglegheiter og personalet er framleis i ei læringsfase om korleis best gjere seg nytte av den i ulike samanhengar. Det vi i dag har nytta den til er personalmøter, «film-lerret» i tema arbeid, eventyrsamlingar for borna der personalet har filmatisert eigenproduserte teiknefilmar om tema, samt diverse andre leike-aktivitetar der borna har delteke. (leik med former, fargar, tal osb.)

Tavla bidreg til  aktivt samspel mellom barn-barn og barn – voksen. Ein kan til dømes jobba med leik med bilete, lyd, matematikk, språk, former og fargar. Det er også fint å finne idear og ressursar som er lett tilgjengeleg på Aktiv Undervisning.

I tillegg ser vi moglegheita for å kunne nytte tavla under ulike møter, der ein til dømes treng gjere seg nytte av tolk, eller ynskjer å ha nett/telefon møter.

Kurs i bruk av tavla, var både underhaldande, engasjerande og ei fin blanding av teori og utprøving.  Kurset var viktig for å gi personalet ein felles kompetanse om korleis ActivBoard fungerer, samstundes som dei fekk tid til å teste det ut."

Nina Følsvik, assisterende styrer